Om bestemor sine tenner

«Vi måste inse at olika kulturer inte kan leva ihop i samma land. Gruppvåldtäkterna finnas kvar så länge det mångkulturella experimentet tillåts fortsätta», seier ein kvinneleg representant for Nationaldemokraterna på nettsidene til det svenske fascistiske partiet.

Det er eit bilete av kvinna også, og på fanget sit dotra, like blond som ho sjølv. Eg voner verkeleg at jenta ein dag kjem heim og har funne seg ein neger, ein vaskeekte neger – og helst muslim også – til kjærast. Og så håper eg negeren, som kanskje heiter Abdoulahat, er ein hyggeleg fyr og at han er ein jævel på å baka pepparkakor og på å laga avokado med reker til middag, etter god senegalesisk oppskrift. Og eg håper at denne dama får små lysebrune borneborn med krusa hår. – Kvifor har du så store tenner, bestemor? – Jo, fordi eg er fascist.

Med den draumen, kjære svenske nasjonaldemokratar har de mitt bidrag til «idealisering av blandförhållande», som visst nok har «bidragit till at [HIV]-smittan överförts på [den svenske] ursprungsbefolkningen». Hat har vorte pop i Europa igjen. På nettsidene til Demokratene, skriv mil.org-veteranen Bjarne Dahl:

Det er et faktum at gjennom lovgivningen og rettspraksis er vi etniske nordmenn blitt annenrangs borgere. Innvandrere fra Pakistan, Tyrkia, Somalia og resten av den 3. verden har opprettet sine kolonier på norsk jord, og de sitter nå på Stortinget, i kommunestyrer, overalt i forvaltningen: En nordmann må i dag finne seg i å få sine rettigheter definert av vilt fremmede mennesker, inntrengere, som sjelden forsømmer en anledning til å demonstrere at de er blitt herrer i vårt hus.

Me har vorte annenrangs borgarar, seier rasistane og så mumlar dei noko for seg sjølv som me ikkje-innvigde aldri heilt får høyra: Og det er at me fortener det. Det er nemleg ikkje nokon rasistane hatar så mykje som sine eigne. Og det handlar ikkje berre om politikarane og journalistane, eliten som det hadde vore «forståelig», eit uttrykk for «rettferdig harme», om vart halt ut av kontora sine og hengt i lyktestolpar, som Forum mot Islamisering skreiv på nettsidene sine. Det handlar ikkje berre om dei. Det handlar sjølvsagt også om dei som synest at innvandring i grunnen ikkje er så gale, eller at Afshan Rafiq i grunnen ikkje var den verste politikaren Høgre har hatt innvald på Stortinget, og så handlar det om «folk flest», dei som ikkje stemmer på Nationaldemokraterna, dei som har skulda for eitt «samhälle i upplösning och forfall». Kanskje er demokratiet for svakt til å fungera, spør Fjordman, og det skin iallfall gjennom at vestleg kultur er for svak. Det er nok på grunn av feminismen:

To your surprise, you didn’t enter a feminist Nirvana, but paved the way for an unfolding Islamic hell. It is correct as feminists claim, that a hyper-feminine society is not as destructive as a hyper-masculine society. The catch with a too soft society is that it is unsustainable. It will get squashed as soon as it is confronted by more traditional, aggressive ones.

Så mykje hat og så lite tru på vestleg kultur har rasistane at dei trur at dersom mulla Krekar berre seier bø litt høgt så rullar den vestlege kulturen over på sida og døyr.

Det trur ikkje eg.

Eg trur såkalla vestlege verdiar – demokrati, ytringsfridom, religiøs fridom, likestilling, osv. – er betre. Og nettopp difor, altså fordi dei er betre, ikkje fordi dei er vestlege, kjem dei til å vinna.

-

Originalt skrive for depesjer.no

Tags:

Thursday, July 6th, 2006 at 9:52 pm • Uncategorized • RSS 2.0 feed • leave a response or trackback

Leave a Reply