Når marknaden må temmast

Etter valget var det mange som lurte på om Høyre trengs. Svaret gir seg selv i en verden hvor Gud nøyde seg med ti bud til menneskene, mens sosialdepartementet trenger 378 paragrafer for å regulere åpningstidene på helligdager.  

Dette sa Torbjørn Røe Isaksen i si tale til Unge Høgre sitt nylege landsmøte. At bibelkjennskapen til Torbjørn ikkje er så mykje å skryta av kan sekularisten i meg leva med. Men eg liknar litt på Donald i grunn, på skuldra mi set det ein liten djevel og er freista til å påpeika at Bibelen jamvel har reglar for kva ein skal gjera om ein får soppangrep på huset sitt. Som i andre religiøse tekstar finn ein også noko om miljøvern i Bibelen, og det gjer ein òg i talen til Isaksen. Han er ikkje berre god på å dissa sosialistar, han dissar også moderpartiet:

For noen uker siden skrev Erna Solberg et svarinnlegg i Dagens Næringsliv hvor hun forsøkte å bevise at Høyre hadde en miljøpolitikk. For å si det forsiktig stod ikke innsatsen til troende. Det var omtrent som når Rune Rudberg skulle forsikre kona om at han ikke hadde vært utro. Alle verdens vakre honnørord kunne ikke skjule det begredelige faktum at påstanden til Dagens Næringsliv nok var sann. I Norge har ikke slagordet stem blått, tenk grønt et reelt innhold.

Problemet med slagordet er sjølvsagt at den mytisk frie marknaden som framleis er draumen for mange liberalistar ikkje let seg kombinera med miljøvern. Sjølv om mange leiarar i næringslivet tenkjer på både etikk og miljøvern hjelper det fint lite når dei vert utkonkurrert av ein slibrig kar av typen som minner om kapitalistane på Arbeidarpartiet sine plakatar for rett lenge sidan. Nokre aktørar i marknaden vil ikkje nøla med å godta langsiktige tap for samfunnet dersom det tyder kortsiktig vinning for dei sjølv. Som Upton Sinclair sa: “It is difficult to get a man to understand something when his salary depends upon his not understanding it”.

Det er difor “det finnes dem som bruker miljøpolitikken i et korstog mot markedet og kapitalismen”. Og det er også difor Røe Isaksen ikkje har anna alternativ enn å “vera tøff”, “tenkja nytt” og regulera marknaden:

Jeg vil i stedet bruke markedet i et korstog mot miljøødeleggelsene. Ved å gjøre det lønnsomt å være grønn, og ved å slippe kreativiteten og teknologien løs så kan vi møte utfordringene. Men vi skaper ikke en blå-grønn politikk uten å være tøffe og tenke nytt. En grønn tankegang betyr at bedrifter må ta kostnaden med å forurense. Det betyr at energiforbruket vårt må legges om. Grønne avgifter betyr at vi må endre forbruksmønsteret vårt. Grønne sertifikater vil tvinge energiprodusentene til å tenke nytt. Grønne kvoter betyr at forurensende industri enten må legge om eller legge ned.

Det er freistande å seia at dette ikkje er så veldig nytenkjande i det heile, men at det snarare er godt gamaldags sosialdemokratisk tankegods. Det spelar forsåvidt lita rolle. Torbjørn Røe Isaksen har heilt rett. Marknaden må regulerast. Grøne skattar, avgifter og kvoter må innførast. I jobben min treff eg på ingeniørar heile tida og eg kan skriva under på at dei ofte er smarte folk. Men dei treng eitt spark i baken!  Ureining må verta dyrare. Men, Røe Isaksen, det gjeld også ureining i form av transport.

Eg kallar meg sjølv ein grøn globalist. Eg er for den globaliseringa som gjer det lettare for folk å utveksla idear, tankar og nyvinningar over landegrensene – og eg såg gjerne at ho med rette vart global og ikkje berre noko me på Verdas Holmenkollås kan leika oss med og kalla globalisering. Eg synest det er fint å kunna kjøpa bøker som aldri vert gjeve ut i Noreg, men det er endå finare å kunna lasta dei ned frå nettet, slik at det ikkje er naudsynt å senda ein pakke frå England, Tyskland eller Amerika. Meir kontakt over landegrensene er positivt. Tettare band over landegrensene er positivt, anten det gjeld utdanning, kultur, forsking eller for den del kjærleik. Det er kult å kunna lesa manga-teikneseriar frå Japan, høyra på sveitsisk visesong og eta middag på indisk restaurant. Men eg ser gjerne at me får meir lokal produksjon av dei råvarene som let seg produsera på rimeleg vis i Noreg. Det er noko som slett ikkje heng på greip når chilenske epler er vel så vanlege å finna i norske butikkar som epler frå Hardanger.

I tala si fortel Røe Isaksen at han har vitja industriministeren i Kenya på eit stort og lyst kontor. Ministeren fortalde at det var handelshindringar som var det verste hinderet for utvikling i landet, “murene som sperrer våre varer ute fra deres markeder”. I ein kronikk i BT, “Dårlig klima for de fattige”, fortel Odd Evjen, Fredrik Gjernes og Eivind Dahl i Kirkens Nødhjelp om ei anna side av historia:

Tørke og sult er først og fremst et politisk problem. Eksempelet fra Kenya de siste månedene er meget illustrerende: Allerede i slutten av november begynte mediene i Kenya å skrive om den alvorlige tørken i de nordlige delene av landet, etter at den korte regntiden nok en gang hadde slått feil. Men reaksjonene uteble. Paradokset var at maisbønder i det vestlige Kenya samtidig sto uten markeder å få solgt maisen sin på. Så mens mat gikk til spille vest i landet, bredte sulten seg i nord. Til slutt måtte Kenya be om matvarehjelp fra utlandet, og måtte importere mais og korn fra den subsidierte overskuddsproduksjonen i USA. Kenyanske medier har siden satt søkelyset på at personer sentralt i regjeringen, og i det kenyanske maktapparatet, har økonomiske interesser i å importere matvarehjelp. Rike mennesker har på denne måten tjent penger på å sitte og se at krisen eskalerte.

Hadde dette skjedd i den gamle Sovjetunionen er eg sikker på at fnysinga frå NHH hadde vore å høyra heilt inn på Torgallmenningen. Det finst tollmurar som bør rivast ned, men samstundes er det viktig å oppmuntra til lokal produksjon og kortreiste varer, i både Noreg og Kenya. Marknaden må temmast. Kanskje er det ei ubehageleg sanning. Men det er sanninga.

Tags:

Thursday, June 29th, 2006 at 11:19 am • Politikk genereltRSS 2.0 feed • leave a response or trackback

2 Responses to “Når marknaden må temmast”

  1. Alberto says:

    Dette var akkurat det jeg var på leting etter; noe som på en lettfattelig og til dels morsom måte kaller høyres “spade” for en spade!

    De fleste som har begynt å tenke grønt, vil forhåpentlig også stemme grønt. Ellers blir det som å tenke på kjøtt og spise reker….

    Ei grønn stjerne til deg!

  2. [...] i rommet 11/03-06, Bjørn Stærk: Why the news is a waste of your time 29/06-06, Øyvind Strømmen: Når marknaden må temmast 30/07-06, Jernbanespor: Får ikke sove 28/09-06, Fjordfitte: Faksimilepolitikk 13/03-07, Drusilla: [...]

Leave a Reply