Mørkt i sør

I går la eg boka “Ein islamsk reformasjon?” ut som gratis ebok. Her er eitt utdrag frå boka sitt innleiiande kapittel. Men fyrst eit bilete.

Teksten under biletet seier: “Massacre of the Protestant Martyrs at the Bridge over the River Bann in Ireland, 1641″. Henta frå Matthew Taylor: “England’s Bloody Tribunal or Popish Cruelty Displayed”, 1772. Dette er ein del av den verkelege historia om den kristne reformasjonen, og ei mindre romantisk forteljing enn den om munken og kyrkjedøra.

Introduksjon

Det er 7. juli 2005 og ein lang dag er på veg mot «a hard days night». Eg er på jernbanestasjonen i Manchester, det er seint på kvelden og eg kjem meg ikkje vidare. England har stogga for å trekka pusten. Tidlegare same dag vart den britiske hovudstaden råka av eit terroråtak. Det var ikkje fyrste gong. Det var ikkje uventa.

På ein måte var det også ei underleg normal kjensle i London då eg gjekk gjennom gatene i byen tidlegare på dagen. Ein gatekunstnar måla eit fargerikt bilete direkte på den grå gata og freista slik å overtyda forbipassarande til å sponsa han med nokre pence. Pubane var fulle av gjestar. Avisene i aviskioskane var fylde med glede over å ha vunne tildelinga av dei olympiske sumarleikane, til alt overmål rett framfor nasa på dei arrogante franskmenna.

Hadde det berre ikkje vore for Evening Standard. Hadde det berre ikkje vore for dei stengde undergrunnsstasjonane, for alle politifolka og alle utrykkingskøyretøya, som var fleire og fleire jo nærare ein kom Kings Cross. Dersom det berre ikkje hadde vore. Men det var.

Det er rart kva detaljar ein legg merke til når hjerna er stilt inn på den rette frekvensen. Noko av det fyrste eg legg merke til i Manchester er ein stor reklameplakat for det nyaste kjøpesenteret i byen. Annonsen har fått ei ny meining. «It’s grim down south», seier den. Det ser mørkt ut i sør. På utsida av stasjonen er ein liten kvit mann måla på asfalten, knapt nokre centimeter høg. Han ser ut som ein av desse strektekningane du ser på åstaden for mord i detektivfilmar. På sidan av han ligg ein sneip.

Det ser mørkt ut i sør. Faren bruka å koma frå aust, frå Moskva, frå byen der det alltid snødde i spionfilmar. I dag kjem faren frå sør, frå Nord-Afrika, frå Maghrib. Og den kjem frå Midtausten. Me har stort sett slutta å frykta dei blodhungrige tyrkarane, bort sett frå når Tyrkia ynskjer å bli medlem av den europeiske unionen. Men frykta for sarasenarane, for arabarane, for pakistanarane, for muslimane er igjen levande.

I 2004 vitja eg Baskerland, heimlandet til nokon av Europas sine heimedyrka terroristar, ETA. Ein av kveldane var i eg i Anglet, eit paradis for surfarar. Der traff eg ein ung amerikanar som kunne fortelja at han hadde mista ein ven i terroråtaket på Bali.

Venen hans heitte Steve Webster, og vart kalla Web eller Webby. Om kvelden 12. oktober 2002 sat han saman med ein annan kompis, Steve Cabler, på Sari Club på Kuta Beach. Klokka hadde nett passert elleve, og på høgtalarane song den amerikanske rapparen Eminem «The real slim shady»:

May I have your attention please? Will the real Slim Shady please stand up? I repeat, will the real Slim Shady please stand up? We’re gonna have problem here…

Dei to drakk Bintang-øl. Så… eit lysglimt, eit smell, i løpet av sekund var dei omringa av flammar. Cabler kom seg på beina. I det same fall ei taksøyle over kameraten. Webby var ein av sju amerikanarar som var drept i terroråtaket på Bali. Totalt mista 202 menneske livet, dei fleste balinesarar og australiarar. Og likevel var min amerikanske ven alt anna enn positiv til Bush og hans «krig mot terror». – Han gjer berre vondt verre. Me er i Irak, me trakkar på deira rettar, me invaderer deira heilage stader, me stør Israel i deira undertrykking av palestinarane. – Bush har handtert det heile på klumsete vis. Sjå berre korleis han snakka om krigen mot terror som eit krosstog. Kan du tru at han sa det?

På ein måte kan eg ikkje det, sjølv om eg hugsar at eg såg det på fjernsynet, og at eg rista på hovudet. Ordet krosstog har i den muslimske verda mykje same klangen som ordet jihad har fått i den vestlege. Bileta desse orda plasserer på netthinna er bilete av blodtørstige krigarar som går til åtak på uskuldige sivile for å tvinga fram sin religion.

Dagen etter drog eg frå Anglet og enda opp i Irùn, ein by på den spanske sida av grensa, ein by med ein noko slitt utsjånad og med terrorisme som del av si nyare historie. I 1997 vart ein politikar frå det konservative partiet Partido Popular drepen på ein bar i byen. Tre år seinare gjekk to bomber av, utan at nokon vart drept og endå tre år seinare vart eit større terroråtak avverga då ei bombe vart funne ombord på madridtoget. Toget vart evakuert og bomba fjerna. Det mislukka terroråtaket vart seinare brukt som eit «bevis» for at ETA var involvert i terroråtaka på Madrid 11. mars 2004. I røyndomen var det ei islamistisk gruppe som stod bak.

På jernbanestasjonen i Irùn møtte eg ein franskmann med opphav frå Martinique. For tida, fortalte han meg, budde han i Brasil, etter å ha reist frå USA. Han hadde også levd ei rekke andre stader verda rundt, Bali var ein av dei. Når eg nemnde den forferdelege historia den amerikanske surfaren hadde fortalt meg dagen før svara han med si eiga historie. Han også hadde mista vener i terroråtaket. – Dei var balinesarar, sa han, – og det som kanskje irriterer meg mest ved det heile er at medan dei skadde utlendingane, australiarane, amerikanarene, fekk rask behandling var det lokale som ikkje fekk hjelp på fleire dagar.

Når ein høyrer om ofra i London, Madrid og New York er det lett å lata seg overtyda om at denne konflikta handlar om oss. – Amerikanarar spør seg kvifor dei hatar oss, sa president Bush i ei tale 20. september 2001. – Dei hatar akkurat det me ser i dette rommet, ei demokratisk vald regjering. Deira leiarar er sjølvutnemnde. Dei hatar fridomane våre, religionsfridomen vår, ytringsfridomen vår, fridomen til å stemma og til å møtast og til å vera ueinige med kvarandre. Dei ynskjer å kasta eksisterande regjeringer i mange muslimske land, som i Egypt, i Saudi-Arabia og i Jordan.

Det Bush ikkje sa er at verken Egypt, Saudi-Arabia eller Jordan er særleg demokratiske. – Religionsfridom eksisterer ikkje i Saudi-Arabia, skriv Freedom House i sin rapport om landet, ein rapport som også skildrar manglande ytringsfridom, akademisk fridom, fråvær av retten til å organisera seg og korleis kvinner ikkje kan reisa utan mannleg følgje og heller ikkje kjøra bil. Det landet treng er at nokon stormar Bastillen.

I lys av dette er det lettare å sjå at islamsk ekstremisme handlar langt meir om konflikter djupt inne i den muslimske verda enn om oss og tildels om ei konflikt djupt inn i sjølve religionen islam. Salman Rushdie dreg ein historisk paralell han slett ikkje er åleine om når han ber om ein reformasjon av islam i Washington Post:

Kvifor skulle Gud verta påverka av sosioøkonomiske tilhøve i det sjuande hundreårets Arabia. Kvifor skulle Bodbringaren sine personlege omgjevnader ha noko å gjera med Bodskapen han kom med? Tradisjonalistane si avvising av historia speler rett i hendene på dei bokstavleg-tolkande islamofascistane, og tillet dei til å låsa Islam inne i si eiga beinharde visse og urikkbare absolutt. Dersom Koranen derimot vart sett på som eit historisk dokument, då ville det vera legitimt å nyfortolka han i lys av dei nye tilhøva i stadig nye tider. Lover laga i det sjuande hundreåret måtte endeleg vika for behova i det tjuefyrste. Den islamske reformasjonen må byrja her, med ei godkjenning av tanken om at alle idear, sjølv dei heilage, må tilpassast til ein røyndom som har forandra seg.

Tariq Ali seier noko av det same. Og det er ikkje så underleg. Anten ein ser på det ofte svært negative kvinnesynet, læra om heilag krig eller den inngrodde konservatismen ein utan tvil finn innanfor islam er det freistande å tenkja at religionen treng ein Muhammed al-Lutheri til å spikra opp teser på ei moskedør.

Men det er eit romantisk bilete av reformasjonen, dette biletet av ein – eg veit ikkje kor eg har det frå – litt godsleg munk som spaserer opp til slottskyrkjedøra i Wittenberg og hamrar opp tesane sine og så var det gjort. Medan ein stadig diskuterer om tesane om avlat faktisk vart hamra opp slik, er det ingen tvil om at reformasjonen kasta Europa ut i eit blodbad av enorme dimensjonar. Religionskrig etter religionskrig skulle rasa. Eit døme på blodbadet er det som hende i dei spanske Nederlanda, der hertugen av Alba kom for å få slutt på dei heidenske protestantane sitt opprør i 1567. I motsetnad til den lokale adelen, som etterkvart hadde vorte meir tolerant ovanfor sine religiøse motstandarar var hertugen knallhard. Han etablerte ein særeigen domstol kalla Problemrådet, som av nederlendarane vart kalla Blodrådet. I hemmelege rettssaker vart over tusen menneske dømd til døden og ti gongar så mange vart fråteke eigedom og gjort meir eller mindre fredlause. Sjølv grevane av Egmond og Horne vart arrestert og seinare avretta, berre fordi dei hadde vore for tolerante ovanfor protestantane, og på trass av at dei hadde erklært sin lojalitet til den spanske trona4.

Wilhelm av Orange slapp unna, han hadde mista trua i kongen tidlegare, reist frå Nederlanda april same året og leia etterkvart motstandskampen frå områda han kontrollerte i Tyskland, utanfor spanskekongen si rekkjevidde.

Samstundes flykta mange til Frankrike, England og det vestlege Tyskland, medan andre dreiv med rein geriljaverksemd i håp om å få slutt på det spanske overherredømmet. Konflikta vart ytterlegare tilspissa då Wilhelm av Orange freista å invadera Brabant i oktober året etter, noko som til sjuande og sist mislukkast grunna mangel på både pengar og folkeleg støtte, men som likevel vert sett på som byrjinga av den såkalla åttiårskrigen. Fleire blodbad og masseflukt skulle fylgja, folketalet i Antwerpen vart til dømes over halvert i løpet av eit kvart hundreår.

Eit anna problem med dette ynskjet om ein islamsk reformasjon er at Luther og andre leiande protestantar slett ikkje var kvinnefrigjerarar, medan dei var hardnakka jødehatarar. Og trass i ideen om dei to regimenta (kyrkje og stat) resulterte protestantismen også i teokratiske statsdanningar, blant anna i Münster, men etter mange si meining også i det kalvinistiske Geneve.

Men det største problemet med ynskjet om ein islamsk reformasjon er likevel ikkje romantiseringa, men det faktum at denne reformasjonen har byrja for lengst. Akkurat som vår eigen er den ei blodig affære.

Tags:

Thursday, June 15th, 2006 at 6:37 pm • islamismeRSS 2.0 feed • leave a response or trackback

Leave a Reply