Eit dikt av Samuel

Publisert tidlegare; publisert på nytt etter omlegging av databasesystemet bak bloggen. Eg likar diktet litt for godt til å berre la det liggja.

Samuel ibn Naghrela, som også er kjend under namnet Shmuel ha-Nagid, levde i Spania då maurarane invaderte landet. Han flykta frå Cordoba når berbarane tok byen i 1013 og flytta etterkvart til Granada der han jobba seg oppover i systemet og enda opp som ein sentral tenestemann for berberkongen Habbus al-Muzaffar. Det kunne ha vore eit døme i den romantiske framstillinga av det muslimske Spania som eit tolerant rom i det elles kristne og jødehatande Europa – ei framstilling som faktisk tildels stemmer med sanninga. Men historia ender ikkje der, ibn Naghrela sikra son til Habbus fyrsteplass i arverekkja og vart visir og leiande general i det muslimske riket; posisjonen hans gjekk så i arv til sonen Josef, som berre var tjue år. Muslimske motstandarar av sonen tok livet av han og snart vart ein kampanje sett i verk mot Granada sine jødar.

På ein måte illustrerer forteljinga både det varige og gamle tilhøvet mellom arabarar og jødar, og dei mange konfliktane opp gjennom historia. Eit anna døme finn ein i Ray Hanania, ein palestinskætta komikar som vaks opp i eit jødisk nabolag i Statane og seinare har gifta seg med ei jødisk kvinne. I boka “I’m glad I look like a terrorist” skriv han:

I grew up in a predominantly Jewish neighborhood on Chicago’s South Side. In fact, many Arabs I knew grew up in predominantly Jewish neighborhoods, because Arabs and Jews actually have much in common. And were it not for the Arab-Israeli wars, we would have had a fine existence together, eating the same foods, sharing the same ties to biblical history (my last name is a Hebrew word that means “God has been Gracious”), and boasting the same kind of overbearing mothers.

Fanatikarar treng i blant å bli helbreda. Diverre har norske palestinavenar og norske israelvenar falt i same fella som sine venar, ein god del av dei har blitt fanatikarar av typen som ser verda i svart-kvitt. Sjølv hugsar at eg som liten forsvarte palestinarane ovanfor min åtte år eldre bror, som forsvarte israelarane. Etterkvart som eg har vorte eldre har eg skjøna noko meir av kvar eg tok feil og kvar bror min hadde rett, og om eg har hatt flaks har det same hendt også andre vegen.

Slik enda palestinavenen Øyvind opp med å lesa israelske aviser og faktisk ta inn over seg det som stod der, og med å lesa jiddisk poesi og studera bibelsk hebraisk (sjølv om Kristin Clemet og “Kvalitetsreformen” nok har delar av æra for det siste). Men lat oss venda attende til Samuel, som altså levde ein gong for fælt lenge sidan (993-1056), og ikkje berre var visir, men også poet. Her er eit dikt han skreiv (i mi gjendikting):

Krigen byrjar som ei vakker ungjente

som ein kvar mann vil flørta med

og endar opp som ei stygg gamal kvinne

med gjestar som gret i liding.

Av ein eller annan grunn føler eg at Samuel ha-Nagid stadig har noko å fortelja til både israelarar, palestinarar og alle oss andre.

Tags:

Monday, June 12th, 2006 at 7:28 am • YmseRSS 2.0 feed • leave a response or trackback

Leave a Reply