Spøkelser i skapet

Det er noko underleg ved AKP, noko merkeleg som gjer at rørsla får mykje meir merksemd enn ho strengt teke fortener. Minst kvart anna år blomstrar debatten opp igjen, no sist med Hans Petter Moland sin film om gymnaslærar Pedersen. Det er ikkje så mykje nytt som vert sagt i desse debattane, det meste er sagt før. Dei som har gått frå å vera reaksjonære liksomradikalarar på ytste venstrekant til å vera liksomradikale reaksjonære ein stad langt ute til høgre heldt fram med det. Dei som ikkje vil snakka om ungdomssynder snakkar heller ikkje om dei. Dei som snakkar bort ungdomssyndene gjennom å seia stygge ting om USA har funne på nye stygge ting å seia om USA (ein treng ikkje den heilt store kreativiteten for tida), men er elles neppe så revolusjonerande i sin argumentasjon.

Spøkelser i skapet, seier nokon om AKP. Men desse spøkelsa står ikkje i skapet. Dei er utstilt på torget, med flombelysning og Gerhard Helskog som står og hyler, minst like høgt som grisen i songen. Og samstundes er det underleg nok ikkje så mange som tek opp historia til Framstegspartiet, landets største parti. Kanskje fornuftig nok, sidan politiske rørsler i hovudsak burde vurderast ut frå sine noverande politiske ståstadar, elles kunne Erna Solberg har fått litt forklaringsproblem i høve stemmerett for kvinner. Men skal ein grava så skal ein grava… Kjære TV2-journalistar, set i gang og grav:

I november 1978 vart Sør-Afrika rysta av ein rapport skrive av ein av landets leiande juristar, Anton Mostert. Rapporten slo fast at det sørafrikanske informasjonsdepartementet hadde misbrukt millionar. Den engelskspråklege og regjeringsfiendtlege avisa Rand Daily Mail kalla saka eit sørafrikansk Watergate.

Rapporten fortel om eit fond oppretta av informasjonsdepartementet, eit fond med formål å sikra positiv dekning av sørafrikansk regjeringspolitikk i både innanlandsk og utanlandsk presse. Innanlands hadde planen vore å undergrava Daily Mail og andre opposisjonsaviser gjennom å stø ei ny regjeringsvenleg tabloidavis, Johannesburg Citizen. Femten millionar dollar vart gjeve til businessmannen Louis Luyt for at han som utgjevar skulle stø regjeringspolitikken. I tillegg vart pengar brukt på å finansiera ein film, på diamanthandel og på luksus til dei som etterkvart vart utpeika som hovudmenn i komplottet, brørne Eschel og Deneys Rhoodie.

Men noko av pengane vart brukt på det dei var tenkt til. Noko av pengane vart brukt på å freista å skaffa godvilje utanlands. Eit engelskspråkleg og apartheidvenleg nyhendemagasin, To The Point, vart til dømes oppretta i Antwerpen. Der var også Ferdinand Alexander Hoogendijk, etterkvart kjend som politikar i det innvandrarfiendtlege partiet Lijst Pim Fortuyn, med. I Finland fekk venlegsinna journalistar pengar til å vitja Sør-Afrika. Og i Noreg?

I følgje Eschel Rhoodie sjølv, i boka “The Real Information Scandal”, vart pengar gjeve til Anders Langes parti (ALP). – Me finansierte Langes parti slik at dei kunne lansera ei vekeavis. Deretter gav me pengar slik at han var i stand til å køyra ein brukbar kampanje i valet same år, skriv Rhoodie. ALP kom inn på Stortinget med fire representantar, og gleda var stor i Sør-Afrika. – Owen Horswood (ein av sjefane i informasjonsdepartementet) spøkte med at om dei hadde gjeve meg nok pengar ville me ha enda opp med eit parti i fleirtall og styrt Noreg. Det var ein operasjon som verkeleg gleda [statsminister] John Vorster.

Det var ved dette valet Carl I. Hagen kom inn som varamann på Stortinget. Men då dette ein sjeldan gong har kome opp har Hagen avvist påstandane frå Rhoodie. – Eg kjenner ikkje til noko pengestønad i 1973. Desse påstandane har dukka opp med jamne mellomrom i tretti år, og eg har avvist dei kvar gong, sa Hagen til Nationen etter at magasinet X hadde skrive om saka i 2003. I “Soga om Anders Lange”, skrive av Hanna Kvanmo og Arild Rygnestad, dukkar imidlertid også ei anna kjelde opp. Gordon Winther, også tilsett i informasjonsdepartementet fortel òg om pengestønad.

Erik Gjems-Onstad, ein nær medarbeidar av Lange og seinare representant for ulike rørsler på ytste høgrekant seier til Nationen at han ser på det som utenkeleg at pengestøtte vart gjeve. Han vedgår at Anders Lange moglegvis var på gratistur til Sør-Afrika, slik han sjølv også vart gjeve tilbod om.

Anders Lange hadde også fleire gongar hadde besøk frå venar og offisielle representantar frå Sør-Afrika. At dette er så lite omsnakka som det er står i ein underleg kontrast til det jamnlege AKP-hysteriet, særleg når ein les utdrag frå Anders Lange sitt magasin, Hundebladet, der han ein stad sler fast at “alle som går inn for svart fleirtalsstyre i Sør-Afrika er forrædarar av den kvite rasa”. Pengestøtte eller ikkje pengestøtte, FrP har nokre spøkelser i skapet, og AKP-spøkelsa byrjar å bli lei kvarandre og treng selskap.

Tags:

Sunday, April 2nd, 2006 at 10:12 pm • Politikk genereltRSS 2.0 feed • leave a response or trackback

Leave a Reply