Eit eksperiment sett i samanhang

<meta name="GENERATOR" content="OpenOffice.org 1.9.104 (Linux)" /><meta name="CREATED" content="20060307;20085000" /><meta name="CHANGED" content="20060307;21443200" /><br /> <style> <!-- @page { size: 21cm 29.7cm; margin: 2cm } P { margin-bottom: 0.21cm } --></style> <p>For nokre dagar sidan utførte eg eit <a href="http://www.oyvindstrommen.be/?p=13">eksperiment</a>. Det gjekk ut på å førestilla seg at mykje av det som vert sagt og skrive om muslimar i staden for vart sagt om jødar. Ein lesar skreiv – ikkje uventa: “Tipper vi fort hadde ropt om nazisme da”.</p> <p>Ein kan vel undra seg om Oriana Fallaci hadde vorte unnskyld med «sitt prosjekt, sin stil» på <a href="http://www.document.no/weblogg/archives/006569.html">document.no</a> om ho hadde skrive:</p> <p style="margin-bottom: 0cm"><em>Det gleder meg ikke å fortelle at Troja brenner, at Europa har blitt en jødisk provins, en jødisk koloni. Ei heller at Italia er en frontlinje i denne provinsen, et brohode i denne kolonien. Å si det er som å innrømme at verdens Kassandra’er virkelig snakker imot vinden, at de blinde til tross for deres smerteskrik forblir blinde, at de døve forblir døve og at de vekkede samvittigheter raskt sovner igjen [...] Men sannheten er at Troja brenner. Fra Gibraltarstredet til Sørøyas fjorder, fra klippene ved Dover til Lampedusas strender, fra Volgograds stepper til Loiredalen og Toscanas åser, sprer ilden seg.</em></p> <p style="margin-bottom: 0cm">Det spørs om ikkje document.no hadde slutta seg til meldarane som omtala «Fornuftens styrke» som «en hymne til fordommer, paranoia, rasisme og hat» og samanlikna Fallaci med Hitler som politisk demagog om det var tilfelle. Men poenget mitt var ikkje at me hadde ropt om nazisme, poenget mitt er at me hadde kome til å reagera. Når me ikkje reagerer er det fordi dei som stadig hyler om opp sin hovudfiende – det <em>politisk korrekte –</em><span style="font-style: normal"> sjølv har klart å bli politisk korrekte. </span></p> <p style="margin-bottom: 0cm"><span style="font-style: normal">Problemet med norsk innvandringspolitikk er ikkje at den liknar for lite på Framstegspartiet sin politikk; det er at den liknar for mykje. Innvandrarar vert fyrst og fremst gjort til eit problem. Medan parti på venstresida konkurrerer om å vera usolidariske, konkurrerer liberalistane om å vera illiberale. Kristeleg Folkeparti gjer sitt beste på å framstå som barmhjertig samstundes som dei har sin del av skulda for <a href="http://www.nytid.no/?sk=irix&id=3456">vondskap sett i system</a>.</span></p> <p style="margin-bottom: 0cm">Trass i familiegjenforening, opphald på humanitært grunnlag og asylsøkjarar, Noreg har hatt <em>de facto </em>innvandringsstopp sidan 1. februar 1975. Innvandringsstoppen skulle vera mellombels, den skulle vara i eitt år. I dag er det nesten berre <a href="http://www.fridemokratene.no/">dei</a> som vart pælma på hovudet ut av Framstegspartiet fordi dei tok liberalismen på alvor som er konsekvente i si støtte til innvandring. Med denne politikken ynskjer Noreg innvandrarar frå utanfor EU velkomne, gjennom å seia at dei <em>eigentleg </em>ikkje er det, at dei <em>eigentleg </em>ikkje er noko anna enn eit problem.</p> <p style="margin-bottom: 0cm; font-style: normal">Dersom dei er muslimar må dei altså også verta vande med å leva i eit land der Oriana Fallaci sitt hat vert gjort til ei «sylskarp analyse» på bokomslaget, der ein politikar som førde valkamp med å lesa opp <a href="http://www.dagbladet.no/magasinet/2003/08/16/376054.html">eit falskt brev</a> frå «muhammedanske» Mustafa ender opp som ein av landets viktigaste politikarar og der media samstundes som dei blir skulda for å vera håplaust politisk korrekte, så godt som <a href="http://www.sesam.no/search/?lang=en&c=m&nav_sources=contentsourcenavigator&q=islam">aldri</a> skriv om islam utan at det handlar <a href="http://www.oyvindstrommen.be/?p=14">anten</a> om terrorisme, om mislukka integrering eller om båe delar.</p> <p style="margin-bottom: 0cm; font-style: normal"> <p>Og sjølvsagt er det ikkje <em>nazismen </em>som er den mest naturlege paralellen å trekkja i denne samanhang. Jødehat var ikkje noko Adolf Hitler fann på, og dei tyske nasjonalsosialistane tok aldri patent. Jødehatet gjekk ikkje ein gong av moten etter at nazismen gjorde det, den herjar som ein farsott i særleg arabiske land og utgjer eitt av den muslimske verda sine høgst reelle problem. Der er ikkje jødehat ein gong med naudsyn noko politisk, det er ein slags ryggmargsrefleks, ein har nokon andre å skulda på enn seg sjølv.</p> <p style="margin-bottom: 0cm; font-style: normal">Den naturlege paralellen er det heltane frå syttande mai-talane som står for. Du veit, folka som vert nemnd saman med motstandskamp og binders og nisseluer, saman med Henrik Wergeland og «vi ere en nation vi med». Ja, eg snakkar om <em><a href="http://www.aftenposten.no/kul_und/article543156.ece">eidsvollsmennene</a>.</em> Vebjørn K. Selbekk (ja, nettopp <em>den </em>Vebjørn Selbekk) har skrive <a href="http://idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=1680">ei bok</a> om norsk jødehat. I eit føredrag <a href="http://www.miff.no/lyd/2003/selbekkmax.mp3">tilgjengeleg</a> på nettet fortel han om noko av det boka fortel. Eit utdrag:</p> <p><em>Georg Sverdrup sa at ifølge jødisk religion og moralsyn er det en fortjenestefull handling for jøder å bedra kristne. Hans Jakob Grøgård bekymret seg over at utskuddene i «denne sjakrende nasjon» ville oversvømme landet. Lauritz Weidemann fryktet for nasjonens sikkerhet: Den jødiske nasjons historie viser intriger, de danner en stat i staten, med mer. Nicolai Wergeland, far til Henrik, mente at en sann jøde aldri kan bli noen god borger. Han ville ikke at noen jøde skulle kunne komme innenfor Norges grenser, langt mindre bosette seg der [...] Resultatet ble at «Jøder ere fremdeles udelukkede fra adgang til riket». Det hadde de vært på forhånd også. </em></p> <p style="margin-bottom: 0cm"> <p style="margin-bottom: 0cm; font-style: normal">Dei som vitjar debattsidene til ei norsk storavis vil kjenna att argumenta. Korleis ville det ha sett ut om norske kristne skreiv om det jødiske janusansiktet, Fallaci skreiv om jødar og små skulejenter vart til farlege menn med skumle motiv? Akkurat slik.</p> <p style="margin-bottom: 0cm; font-style: normal"><strong>Oppdatering: Nokon synest det er på sin plass å posta lange lister med linkar og utdrag frå diverse artiklar i norske aviser. Relevante peikarar er mer enn velkomne, men dersom ein ikkje ynskjer å halda seg til saka kan ein skaffa seg si eiga nettside.</strong></p> <p style="margin-bottom: 0cm; font-style: normal"> <p class="postmetadata alt"> <small><p>Tags: <a href="http://oyvindstrommen.be/tag/ymse/" rel="tag">Ymse</a></p> Tuesday, March 7th, 2006 at 10:36 pm • <a href="http://oyvindstrommen.be/category/eurofascisme-2/" title="View all posts in fascisme, eurofascisme, høyrepopulisme, innvandringsmotstand" rel="category tag">fascisme, eurofascisme, høyrepopulisme, innvandringsmotstand</a> • <a href='http://oyvindstrommen.be/2006/03/07/eit-eksperiment-sett-i-samanhang/feed/'>RSS 2.0</a> feed • <a href="#respond">leave a response</a> or <a href="http://oyvindstrommen.be/2006/03/07/eit-eksperiment-sett-i-samanhang/trackback/" rel="trackback">trackback</a> </small> </p> </div> </div> <div class="comentary"> <!-- You can start editing here. --> <h3 id="comments">One Response to “Eit eksperiment sett i samanhang”</h3> <div class="navigation"> <div class="alignleft"></div> <div class="alignright"></div> </div> <ol class="commentlist"> <li class="pingback even thread-even depth-1" id="comment-10482"> <div id="div-comment-10482" class="comment-body"> <div class="comment-author vcard"> <cite class="fn"><a href='http://oyvindstrommen.be/2006/03/05/eit-tankeeksperiment/' rel='external nofollow' class='url'>oyvindstrommen.be traktningar» Blog Archive » Eit tankeeksperiment</a></cite> <span class="says">says:</span> </div> <div class="comment-meta commentmetadata"><a href="http://oyvindstrommen.be/2006/03/07/eit-eksperiment-sett-i-samanhang/comment-page-1/#comment-10482"> December 28, 2010 at 8:07 pm</a> </div> <p>[...] religionshistorie, religionsvitskap, religion i samfunnet « Mitt liv i ein islamsk stat Eit eksperiment sett i samanhang [...]</p> <div class="reply"> <a class='comment-reply-link' href='/2006/03/07/eit-eksperiment-sett-i-samanhang/?replytocom=10482#respond' onclick='return addComment.moveForm("div-comment-10482", "10482", "respond", "54")'>Reply</a> </div> </div> </li> </ol> <div class="navigation"> <div class="alignleft"></div> <div class="alignright"></div> </div> <div id="respond"> <h3>Leave a Reply</h3> <div class="cancel-comment-reply"> <small><a rel="nofollow" id="cancel-comment-reply-link" href="/2006/03/07/eit-eksperiment-sett-i-samanhang/#respond" style="display:none;">Click here to cancel reply.</a></small> </div> <form action="http://oyvindstrommen.be/wp-comments-post.php" method="post" id="commentform"> <p><input type="text" name="author" id="author" value="" size="22" tabindex="1" aria-required='true' /> <label for="author"><small>Name (required)</small></label></p> <p><input type="text" name="email" id="email" value="" size="22" tabindex="2" aria-required='true' /> <label for="email"><small>Mail (will not be published) (required)</small></label></p> <p><input type="text" name="url" id="url" value="" size="22" tabindex="3" /> <label for="url"><small>Website</small></label></p> <!--<p><small><strong>XHTML:</strong> You can use these tags: <code><a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong> </code></small></p>--> <p><textarea name="comment" id="comment" cols="100%" rows="10" tabindex="4"></textarea></p> <p><input name="submit" type="submit" id="submit" tabindex="5" value="Submit Comment" /> <input type='hidden' name='comment_post_ID' value='54' id='comment_post_ID' /> <input type='hidden' name='comment_parent' id='comment_parent' value='0' /> </p> <p style="display: none;"><input type="hidden" id="akismet_comment_nonce" name="akismet_comment_nonce" value="01d78ab87d" /></p> </form> </div> </div> </div> <div id="right"> <ul> <h2>Årets frilansjournalist 2011</h2> <div class="textwidget">Les mer i <a href="http://www.journalisten.no/node/36028">fagbladet Journalisten</a>.</div> <h2>Siste artiklar</h2> <ul> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2012/01/27/skammens-avtale/" title="Skammens avtale">Skammens avtale</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2012/01/27/spela-spiss/" title="Spela spiss">Spela spiss</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2012/01/26/kort-men-god/" title="Kort, men god">Kort, men god</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2012/01/26/utviklingstrekk-i-norsk-hogreekstremisme/" title="Utviklingstrekk i norsk høgreekstremisme">Utviklingstrekk i norsk høgreekstremisme</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2012/01/26/til-norheimsund-og-koln/" title="Til Norheimsund og Köln">Til Norheimsund og Köln</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2012/01/17/ntb-og-breiviks-menighet/" title="NTB og “Breiviks menighet”">NTB og “Breiviks menighet”</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2012/01/06/flere-document-no-vindmoller/" title="Flere document.no-vindmøller">Flere document.no-vindmøller</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2011/12/17/mangfald/" title="Mangfald">Mangfald</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2011/12/09/nokre-ord-om-ansvar/" title="Nokre ord om ansvar">Nokre ord om ansvar</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2011/12/04/om-galskap-og-ideologi-ii/" title="Om galskap og ideologi – II">Om galskap og ideologi – II</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2011/11/29/om-galskap-og-ideologi/" title="Om galskap og ideologi">Om galskap og ideologi</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2011/11/24/document-nos-vindmoller/" title="Document.nos vindmøller">Document.nos vindmøller</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2011/11/21/no-longer-a-stalinist/" title="No longer a Stalinist?">No longer a Stalinist?</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2011/11/20/takk-for-reklamen-tumyr/" title="Takk for reklamen, Tumyr">Takk for reklamen, Tumyr</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2011/11/18/an-answer-to-the-right-honourable-lord/" title="An Answer To The Right Honourable Lord">An Answer To The Right Honourable Lord</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2011/11/18/men-fascismen-var-ikke-d%c3%b8d-2/" title="Men fascismen var ikke død">Men fascismen var ikke død</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2011/11/18/2058/" title="På “the tablet”">På “the tablet”</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2011/11/06/profeten-peder-jensen/" title="Profeten Peder Jensen">Profeten Peder Jensen</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2011/11/05/en-bombe-i-paris/" title="En bombe i Paris">En bombe i Paris</a></li> <li><a href="http://oyvindstrommen.be/2011/11/04/misforstaingar-om-fascismen/" title="Misforståingar om fascismen">Misforståingar om fascismen</a></li> </ul> </ul> </div> </div> <div id="footer"> <p> © 2012 oyvindstrommen.be traktningar | Theme Design by <a href="http://wpmasters.org">wpmasters.org</a>, adapted by Øyvind Strømmen | <a href="http://oyvindstrommen.be/wp-login.php">Log in</a> </p> </div> </div> </body> </html>