Eit tankeeksperiment
Lat oss tenkja oss at eit av Norges største forlag gav ut ei bok der det stod skrive: «Det gleder meg ikke å si at Troja brenner, at Europa har blitt en jødisk provins, en jødisk koloni». Lat oss tenkja oss at boka var full av historieforvridning og løgner og at jødar vart omtalt som «rotter» og jødedommen som «ein myrpøl». Korleis ville det sett ut?
Lat oss tenkja oss at ei av Danmark sine største aviser publiserte ei rekkje teikningar i ein provokasjon ovanfor jødar. Lat oss førestilla oss at dei fleste av teikningane var uskuldige, men at eit par av dei framstilte jødedommen som ein blodtørstig, tilbakeståande, hatsk religion. Lat oss sjå føre oss at ei konflikt oppstod og at rasande jødar demonstrerte i gatene i Danmark, og at (rett nok relativt små) grupper av sinte jødiske ungdomar gjekk til åtak på danske ambassadar i andre land. Lat oss, oppe i denne situasjonen, tenkja oss at ein leiande talsmann for eit regjeringsparti i landet gjekk ut i media og fortalte at tolv jødiske menn oppsøkte skulen til dattera til ein av teiknarane. Med lite edle motiv. Lat oss tenkja oss at han sa «hun var heldigvis ikke på skolen». Lat oss tenkja oss at det raskt vart fulgt opp med at Norge sine to største aviser slo til med krigstypar på nettsidene sine for å fortelja om saka.
Korleis hadde det sett ut dersom det eit par dagar seinare kom fram at regjeringspartiet sine talsmann leverte rein løgn og at dei tolv jødiske mennene eigentleg var nokre ti – elleve år gamle jødiske skulejenter? Lat oss tenkja oss at norske kristne skreiv lesarinnlegg i aviser og fortalte oss at jødar og kristne ikkje kan leva saman i fred og med titlar som «det jødiske janusansiktet». Korleis hadde det sett ut?
Les også: Eit eksperiment sett i samanhang
Tags: Ymse
Sunday, March 5th, 2006 at 4:48 pm • fascisme, eurofascisme, høyrepopulisme, innvandringsmotstand • RSS 2.0 feed • leave a response or trackback