Mitt liv i ein islamsk stat
Tuesday, 28 February 2006
Eg bur i Mechelen, ein liten by sør for Antwerpen. I nabolaget mitt ligg det to marokkanske kafear og fem marokkanske daglegvarehandlar. Den lokale kiosken er drive av ein pakistanar. Innanfor gangavstand finn eg også ei kebabsjappe drive av to karar med ein nederlandsk aksent som ikkje er særleg flamsk. Dei pratar klingande hollandsk. Nede i gata ligg ein tyrkisk daglegvarehandel, og går eg litt vidare finn eg eit bakeri som satsar på belgisk-marokkanske spesialitetar.
Underleg nok har marokkanarane som driv bakeriet oppdaga noko belgiarane framleis strever med: Dei har funne ut at det faktisk finst noko som er belgisk, at den belgiske identiteten går utover det å vera wallonar eller flamlending. Ungguten eg kjøpte kake hjå nyss var forresten vond å skjøna, han snakka så kav dialekt at min nederlandsk rett og slett ikkje er god nok. Men på jobbmarknaden er det fare for at den kvite nordmannen gjer det betre enn kompisane hans. Dette er Mechelen, Malines, byen ei av dei største franskspråklege avisene i Belgia, Le Soir, hevda låg i hjarta av den flamske rasismen. Avisa fortalde om fotballklubben Salaam, der fleirtalet av medlemmene er ungdomar av marokkansk opphav, og om korleis dei unge fotballspelarane freista å skaffa pengar gjennom bilvask. Reaksjonen hjå dei lokale rasistane? «Operation Carwash? Ein måte å stela frå bilane våre».
Mechelen er byen der det lokale tilsvaret på Framstegspartiet, Vlaams Belang (som tyder noko slikt som flamsk sak, men som meir korrekt burde omsetjast med flamsk viktigheit) sutra og klaga når dei fekk høyra at folketalet i byen hadde gått opp, fordi det var «mest på grunn av [...] dei høge fødselstala blant innvandrarane». Eg held til i midten av det dei kallar eit «multikulturelt mareritt, [som] langsamt er i ferd med å verta ein monokultur. Ikkje ein flamsk monokultur, nei, ikkje det. Mechelen er godt på veg til å bli ein innvandrarenklave i Flandern». Nokre månader seinare sutra og klaga Vlaams Belang igjen, denne gongen fordi bustadprisane er så låge i byen, og igjen dukka det opp… dette ordet «innvandrarenklave».
Innvandrarenklavar er ikkje noko nytt, ikkje ein gong arabiske innvandrarenklavar. Arabarane som levde i Storbritannia mellom dei to verdskrigane enda ofte opp i segregerte samfunn, som i Bute Town i Cardiff. Noko av bakgrunnen var ei motvilje frå majoriteten om å ha fysisk eller sosial kontakt med immigrantane; ein antipati som fekk utslag i offisiell politikk frå fleire britiske bystyre. Motvilja mot å ta inn muslimske leigebuarar – muslimar var dårleg nytt for bustadprisane – førte til at immigrantane vart avhengige av hjelp frå andre immigrantar; dei som ikkje sjølv ville inn i ghettoliknande strøk vart tvinga inn der. Etterpå vart dei gjeve skulda for å ha skapt ghettoane.
Kva du enn gjer; det du gjer er gale. Alarm, ropar den amerikanske journalisten Bruce Bawer, og framstiller det som om det er eit teikn på framandgjering grunna «antagonisme mot det vantru samfunnet» at kvinner som bruker hijab også får born. Dersom nokon heng det tyrkiske flagget opp utanfor eit samfunnshus i Amsterdam er det ikkje fordi dei framleis er glad i sitt gamle heimland, det er fordi dei ikkje er integrert i sitt nye. Bawer gjev også att same historia ein annan stad:
The distance I speak of was certainly striking in Amsterdam, where I resided for a time in a neighborhood–the Oud West–where I grew accustomed to the sight of women in chadors pushing baby carriages past shops with signs in Arabic. A few doors from my flat, a huge Turkish flag flew over the entrance to the neighborhood center. (There was no Dutch flag.) One day I peered inside. A dozen or so men, middle-aged and older, scowled back at me. I did not go in [...] Curious about my new neighbors, I did some reading.
Eg lurer på om mine naboar driv og les om meg? Dei er i så fall invitert til å ringja på.
Men sidan me er i gang med litt lesning kan det jo vera verdt å lesa nokre ord av Abdellah frå Mechelen:
Eg er Abdellah. Abd Allah. Tenar av Allah. Er det eit pseudonym eller eit ekte namn? Kva rolle spelar det eigentleg. I alle tilfelle er eg eit produkt av Belgia, av Flandern, nærare bestemt Mechelen. Eg vart fødd i Mechelen og her vaks eg opp. Eg har marokkanske foreldre. Det er berre eit problem: eg kjenner meg ikkje som nokon belgiar, flamlending, mechelaar.
[...] Eg er det kvite Belgia sitt mareritt. Det er eg som får dei modige kvite til å kryssa gata slik at dei slepp å gå forbi meg. Det er eg som får dei til å gjera på seg om eg står saman med venene mine på eit eller anna gatehjørne. Det er på grunn av meg at dei uskuldige borgarane kjøper alarmsystem og doble låsar.
Abdellah heldt fram med eit harmdirrande åtak på det flamske samfunnet, og han har nok grunn til det. Same kva du gjer; det du gjer er gale: - Det er tjue millionar innvandrarar (naturlegvis berre marokkanarar og tyrkarar) i Belgia, skriv han ironisk. - Ti millionar som tek jobbar frå belgiarane og ti millionar som innkasserer støtta for arbeidslause som var meint å gå til dei hardtarbeidande belgiarane.
Eg bur i Mechelen. Det må vera helvete på jord, og eg kan ikkje skjøna korleis eg ikkje ser det. Mitt Mechelen er kanskje ikkje den vakraste byen i verda, men den har sine eigen sjarme. Mitt Mechelen er ein småby som likevel ikkje kjennest liten, truleg delvis fordi eg kjem frå ein liten fjordtarm på Vestlandet, halvtimen vekk frå næraste vinmonopol, moglegvis litt på grunn av det eg har lest meg til av historie, mest av alt fordi byen har ei internasjonal og open atmosfære. Men, samstundes som eg kan kryssa heile Europa og godt over halve Asia i løpet av nokre få hundre meter når eg spaserer frå bussen, har byen også dette trivelege aspektet, den marokkanske slaktaren kjenner deg i det minste att, i motsetnad til varehandelslavane i kjøpesenteret Colruyt.
Vlaams Belang sin skrudde ide om ein monokultur av innvandrarar må vera grunna på at dei ikkje ser særleg forskjell på oss; pakistanaren i kiosken, nederlendarane i kebabsjappa, belgiarane på bakeriet og marokkanaren som sel meg kaninkjøt og oliven må alle sjå fælt like ut for dei. Sidan eg truleg kan passera som flamsk heilt til eg opnar kjeften er det ikkje sikkert dei hadde asa seg like mykje opp over meg, endå eg har Koranen i bokhylla, har stukke av med ei av damene deira og tek jobb frå dei!
Eg lever, skal eg tru på dei lokale rasistane, i ein islamsk stat. Og det er faktisk ganske triveleg.
No. 1 — December 27th, 2008 at 11:38 pm
[...] ord om heimkommunen min Samnanger, og berre få innlegg som handlar om byen der eg tidlegare budde, belgiske Mechelen. Det har falt seg naturleg. Sidan eg blant anna lever av å vera skribent har eg ynskt å nå eit [...]