Venezuelavas

Norske media skriv ikkje så mykje om Venezuela, og då er det jo godt at den romantiske bloggismen kan fortelja oss at bloggar “mer og mer kommer til å utfordre tradisjonelle mediers posisjon blant folk flest” og at denne utviklingen forhåpentligvis “vil være med på å sikre god bredde i nyhetsbildet”.

Joda, dersom bredde tyder at ein kan lesa overforenkla vissvas fleire stader enn i VG så er dette absolutt rikitg.

I Liberaleren skriv Per Aage Pleym Christensen om “draumen om den sterke mann”:

[Chavez] ble nylig ”gjenvalgt” som president i et valg der bare en fjerdedel av velgerne deltok. Opposisjonen boikottet valget. Hjemlige marxister hyllet likevel valget som en seier. Der i gården har de vel ingen grense for hvor få som skal delta før et valg anses som ugyldig.

For det fyrste var det nylege valet i Venezuela slett ikkje noko presidentval, det var eit parlamentsval. Tidlegare parlamentsval i Venezuela har heller ikkje hatt vidare høg valoppslutnad, i 2000 stemte rundt halvparten. Chavez sitt parti vann solid, med over førti prosent av stemmene. Presidentvalet som gjekk av stabelen samstundes vart vunne av Chavez, som fekk over halvparten av stemmene. Den motkandidaten som nådde nærast var for øvrig ein tidlegare kumpan av Chacez frå kuppforsøket i 1992, Francisco Arias.

For det andre kunne det kanskje vore verdt å nemna at observatørar frå både Organisasjonen for Amerikanske Statar (OAS) og EU var på plass i Venezuela. Ingen av dei er ukritiske, og Chavez er då også rimeleg sur på dei, men båe organa har så langt omtala valet i seg sjølv som relativt skikkeleg. Ein foreløpig rapport frå EU-gruppa er å finna her. Generalsekretæren i OAS, Miguel Inselza, slo fast at “det var nokre problem her og der rundt valet, som det også går fram i OAS-rapporten, men det var ikkje noko abnormalt i valet sjølv”.

At den heimlege marxisten, Morten Drægni trass alt skreiv at Venezuela ikkje er problemfritt er også like greitt å forbigå, saman med den detaljen at fleire opposisjonsparti på venstresida slett ikkje boikotta valet. Venstreside er vel venstreside…

Chavez har så langt ikkje vorte nokon vondskapsfull diktator. Han er ikkje Stalin, ikkje Enver Hoxha, ikkje Pol Pot. Men han er heller ingen sosialistisk wonderboy, og Venezuela fortener ikkje noko posisjon som fyrtårn (skjønt, landet utkonkurrerer langt tidlegare kandidatar til stillinga).

Folk som ynskjer seg eit sosialistisk folkestyre burde vita betre enn senda gratulasjonshelsingar til ein kar som fyrst freista seg som demokrat etter at han mislukkast i militærkupp. Det politiske rullebladet til Chavez er alt anna enn snøkvitt, og han har vist autoritære tendensar.

Når Drægni gratulerer den bolivarske revolusjonen og det venezuelanske folk høyrest han litt vel mykje ut som den amerikansk-russiske anarkisten Emma Goldman.

Før ho reiste til Russland og vart desillusjonert.

Leave a Reply