Islam og media

Ein tilfeldig vald dag i mars 2004 går eg inn på søkjemotoren Kvasir si side for søk på nyhende og tastar inn ordet «islam».

I svært stor grad handlar det om terrorisme. Dagbladet og VG fortel at Hamas sin nye leiar har erklærd krig mot USA og kalla Bush ein «fiende av islam». No er neppe Hamas sin fiendskap mot USA noko stort nyhende, men i lys av dødsfallet til gruppa sin førre leiar kan dette nok forsvarast ut frå nyhendekriteria. Det same kan det når Aftenposten fortel om ein britisk kyrkjeleiar som kjem med utfall mot islam og når P4 har lese i kristenavisa Norge IDAG at Ludvig Nessa fryktar muslimsk terror i Noreg. Eva Bratholm i Dagbladet skriv at Salman Rushdie har teke eit oppgjer med ideen om at terroråtaka 11. september ikkje hadde noko med islam å gjera.

Det fyrste spørsmålet som melder seg når eg les desse sakene er kva som ikkje er med. Islam er jo ein verdsreligion, tenkjer eg. Ein religion med minst ein milliard tilhengjarar og eit utal retningar.

Islamsk mystisisme har påverka ein rik kulturell tradisjon med musikk og poesi. Islamsk sosialt arbeid er viktig i ei rekkje land. Det skulle vera rom for mykje spanande stoff. Men sjeldan sym vel media meir i stim enn når dei skriv om islam. Eitt av få positive glimt eg finn i min høgst uvitskaplege gjennomgang er NRK Nitimen som fortel om skodespelaren Omar Sharif, ein konvertitt frå koptisk kristendom til islam som ein gong var forførerisk halvgud på lerretet og fekk bråk då han kyssa jødiske jenter på film.

Det andre spørsmålet som melder seg er korleis me bruker orda.

Ja visst, 11. september hadde noko med islam å gjera, terroristane var religiøst motiverte. Men kva med sprenginga av Murrah-bygningen i Oklahoma City? Terroristen Timothy McVeigh hadde koplingar til Christian Identity-rørsla. Var bombeåtaket i Oklahoma då kristen terrorisme? Er kristne abortmotstandarar sine åtak på legar det? Kvifor er det slik at muslimsk terrorisme er muslimsk, medan kristen terrorisme berre er terrorisme?

Eit anna interessant døme fins i ein ANB-notis om det tyrkiske lokalvalet. Regjeringspartiet vert omtalt som «pro-vestleg». Det er sant det, partiet er pro-vestleg og vil ha Tyrkia inn i EU. Men det er også eit parti med islamistiske røter og har difor også noko med islam å gjera.

Det er i ferd med å verta teikna eit svart-kvitt bilete av islam som religion. Media må bera sin del av skulda.


Dette lesarinnlegget vart originalt publisert i Journalisten, våren 2004. Det gjorde meg fortent til nemninga “patetisk idiot og terrorist” hjå Jarle Synnevåg, islamofob og superhelt.

Leave a Reply