Velkommen til oyvindstrommen.be

Om du lurer på kven eg er, er dei yrkesmessige stikkorda: journalist, skribent, omsetjar og sjølvstendig næringsdrivande. Sjå CV-en min her. Vil du kontakt meg? Skriv til oyvind@nettbunad.no.

Som skribent og journalist har eg særleg skrive om religion og om europeisk høgreradikalisme (frå populisme til nyfascisme). Dessutan har eg arbeidd i lokalavisene “Samningen” og “Os og Fusaposten“.

Eg har to skrive to bøker:

Eg har vore engasjert i miljørørsla sidan gymnasdagane, og då eg fann kjærleiken i Belgia, og flytta dit, melde eg meg også inn i det belgiske grøne partiet Groen! Etter å ha flytta tilbake til Noreg saman med kone og born melde eg meg inn i Miljøpartiet Dei Grøne i von om å kunna bidra til at partiet utviklar seg til eit slagkraftig og truverdig grønt parti på line med dei store, grøne partia i Europa. Eg sit no i partiet sitt landsstyre.

Eg har lenge vore interessert i nettmedia, og dreiv tidleg på 2000-talet nettstaden dilettant.no – eit nettmagasin som hadde mange bloggmoment. Seinare har eg blogga i fleire år her på oyvindstrommen.be. Men med mange prosjekt som går føre seg samstundes har eg no valt å leggja denne bloggen på hylla til fordel for nettmagasinet teknofaun. I tillegg skriv eg framleis for Os og Fusaposten, og i tillegg for fleire tidsskrift, blant anna Fri Tanke, Humanist og NaturVest. Vil du lesa tidlegare artiklar på bloggen finn du desse i arkivet.

Øyvind Strømmen

Eg er dessutan: ein glefsar og ein anti-miljøvernar, ifølgje Amos Keppler, satanisk, ifølgje kristenblogg.no, en infiltratør, ifølgje Tundra Tabloid, medlem av rørsla for å ødeleggja Vesten, ifølgje ein kommentar hjå Conservative Swede, ein entusiastisk apologet for islamsk fascisme, ifølgje Gates of Vienna med fleire, ein ‘raving lunatic’, ifølgje Sheik Yermani, ein ‘notorious leftist’, ifølgje View from Minas Morgul, Bizarro Fjordman, ifølgje ein kommentar hjå Gates of Vienna, ein patetisk idiot og terrorist, ifølgje Jarle Synnevåg, skuldig i “åndeleg terrorisme”, ifølgje Hallgrim Berg, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre, og bloggsfærens grumpy old man, ifølgje Tordenbloggen, eller Hjorthen då.